Såg det i Haugesunds Avis
Tanja Håheimsnes, som er styrar i Brakamoen Barnehage, fortel at dei ikkje hadde sjekka kor dei låg på lista, men at dei nyleg ved ein tilfeldighet såg ei sak om foreldreundersøkinga i Haugesunds Avis. Det var då dei fekk sjå at dei hadde så bra resultat, samanlikna med alle dei andre barnehagane som deltok i undersøkinga.
– Me er veldig glade for så bra resultat og at foreldra er så fornøgde. Dette viser at me har fått til og gjort mykje bra. Me er veldig stolte og audmjuke. Det har vore lågt sjukefråvær blant dei tilsette dette barnehageåret. Det trur eg har bidratt til at resultatet blei så bra. At barna som regel ser alle dei vaksne som dei er trygge på kvar dag. God trivsel blant barna gjer jo at foreldra blir fornøgde, seier Håheimsnes.
Også styret i Brakamoen Barnehage er glade for dei gode resultata i foreldreundersøkinga.
– Dette er kjempebra og me har all grunn til å feire i dag, seier Hege Bratland Hølland, som er styreleiar i Brakamoen Barnehage
Mykje aktivitet i kvardagen
Per dags dato går det 51 ungar i Brakamoen Barnehage, fordelt på tre ulike avdelingar. Dei har 15 tilsette, men dei har også nyleg tilsett ein morsmålsassistent som kan ukrainsk, ettersom barnehagen nå har fleire barn frå Ukraina. Håheimsnes fortel til Ryfylke at denne ekstraressursen er til stor hjelp for å få barna til å forstå dei vaksne og for dei vaksne til å forstå barna.
– Det er viktig for trivselen at både barna og dei vaksne tilsette forstår kvarandre godt, seier Håheimsnes.
Dei tilsette i Brakamoen Barnehage fortel at barna er mykje på tur og i aktivitet. Før hadde dei ei avdeling ved gamle Birkeland skule, men i 2018 bygde dei på barnehagen og flytta avdelinga dit. Sjølv om dei ikkje lenger har avdeling ved Birkeland skule, får dei framleis bruka uteområdet der. Dei har sett opp klatretårn som barna kan klatre i, og dei har laga sykkelløype. Dei fortel at mange av barna har med seg sykkel heimefrå som dei bruker i sykkelløypa. Om vinteren blir området brukt til skigåing.
Flinke på dugnad
Tanja Håheimsnes fortel til Ryfylke at foreldra til barna i barnehagen er flinke på å delta på dugnad. Før vinterferien i år kom nokre foreldre som hadde snøskuter for å køyre og lage skiløyper til barna slik at dei kunne ha med seg ski og ha skirenn. Barnehagen har også fleire gapahukar som dei bruker når dei drar på tur.
– Dette gjer nok at foreldre stressar litt mindre med å ta barna med seg ut kvar dag etter barnehagen. For barna har jo allerede vore ute store delar av dagen og enten gått tur eller vore ute fleire timar og leika, seier Tanja Håheimsnes, styrar i Brakamoen Barnehage.
Topp fire barnehagar på Haugalandet:
- Nbu´s bondegårdsbarnehage
- Slagstemmen barnehage
- Li-Te AS
- Brakamoen barnehage SA
Barnehagane i Sauda:
4. Brakamoen barnehage SA
13. Veslefrikk barnehage
26. Rustå barnehage
39. Leabøen barnehage
83 barnehagar på Haugalandet deltok i foreldreundersøkinga.