Bedre tverrfaglig innsats i Sauda (BTI)

BTI er innført som samhandlingsmodell i Sauda kommune for å hjelpa barn/unge som i periodar kan streva personleg, sosialt og/eller fagleg. Det er laga ei eiga heimeside for BTI i Sauda. Målet er at barnehage/skule og hjelpetenester, i nær dialog og samarbeid med føresette, skal samla seg om innsats for å hjelpa barnet/ungdommen på ein god måte. Barn/ungdom skal sjølvsagt få medverka i arbeidet.

Informasjon om saudamodellen for BTI:                                                                                     1. Føresette som er uroa for utviklinga til eige barn/ungdom?

  • Handlingsrettleiar for BTI beskriv korleis føresette skal gå fram om de har uro for eige barn/ungdom. Vel rolla «voksen.» 
  • Ta kontakt og del uroa du/de har. Ikkje gå med den åleina.

2. Korleis gjennomfører me BTI?

  • Det er laga ein handlingsrettleiar for korleis alle tilsette i Sauda kommune skal gå fram om dei har uro for eit barn eller ungdom. 
  • Informasjon om deira arbeid finn du ved å velgja rolla «tilsett.»

3. Involvering

  • Den tilsette skal først snakka med barn/ungdom og høyra tankane dei har om den tilsette si uro. Dette blir sjølvsagt tilpassa alder og kva uroa gjeld. 
  • Føresette skal bli kontakta innan fire veker om tilsette har ei uro for eit barn eller ungdom sin utvikling. Gjeld det uro for korleis barn/ungdom har det i barnehage- eller skulemiljøet, skal føresette bli kontakta innan ei veke. 
  • Barn/ungdom og føresette blir samde med barnehage/skulen, eller den aktuelle hjelpetenesta, om korleis dei kan jobba saman for å hjelpa.

4. Tverrfagleg samarbeid

  • Ein prøver først ut tiltak i samarbeid med ei teneste, til dømes barnehage/skule eller helsestasjon. 
  • Blir barn/ungdom, føresette og barnehage/skule/hjelpeteneste samde om at det kan vera nyttig å ha fleire tenester med i samarbeidet, blir føresette bedt om å gi samtykke til dette. Føresette vel kva tenester som kan samarbeida med dei. Skjema for samtykke finn du på heimesidene til Sauda kommune.

5. BTI-møte

  • BTI-møte er eit tverrfagleg møte der fagfolk frå helsestasjon, PPT, barnevernsteneste og barne-og familieteam møter barn/ungdom og føresette i barnehagen eller skulen. Andre hjelpetenester som fysioterapeut, Nav, politi m.m kan også vera aktuelle. Det er føresette som via samtykke avgjer kven som deltek i møtet. Møtet kan også skje digitalt. Målet er at alle partar saman skal bidra til å finne ei løysing på det som blir opplevd vanskeleg. Deltaking frå barn/ungdom blir tilpassa ut frå alder og deira ønske. 
  • Føresette kan gi samtykke til ein fagperson om å representera dei i møtet, om dei ikkje ønskjer å delta sjølv. 
  • Det er fastsett tider for BTI-møte i barnehage og skule. Denne oppstartshausten er det fastsett to møter i kvar eining før jul. Etter jul blir det fastsett tre møter i halvåret. Det kan bli gjennomført BTI-møter utover dette, om det er hastesaker.

6. Stafettloggen

  • Stafettloggen er eit digitalt verktøy som skal bidra til effektiv og god samhandling for å hjelpa barn/ungdom. 
  • Det er føresette som må samtykka til å oppretta ein Stafettlogg. Dei blir gjerne spurt om dette når barnehage/skule eller hjelpeteneste tar kontakt om ei uro for barn/ungdoms utvikling.  I Stafettloggen blir det dokumentert kva tiltak som skal bli prøvd ut, evaluering av desse og vidare tiltak. Det blir også lagt inn oppsummering frå samarbeidsmøte. 
  • Føresette vil ha full oversikt over alle tiltak og anna som blir skrive i Stafettloggen. 
  • Ein Stafettlogg blir lukka når uro er redusert eller fjerna. Føresette kan også trekkja tilbake sitt samtykke. 
  • Erfaringar frå andre kommunar som brukar Stafettloggen viser at føresette opplever at verktøyet sikrar meir effektiv og samordna innsats, tidleg. 
  • Her er ein liten film som viser bruk av Stafettloggen. 
  • Stafettloggen er venta klar til drift i Sauda i løpet av september månad.

BTI i Sauda er eit prosjekt som starta i 2018. Prosjektperioden har blitt brukt til å byggja opp nettsida og å gjera avklaringar om ansvarsområde og arbeidsmetodikk mellom oppvekst og helse. I tillegg har det blitt lagt vekt på involvering og informasjon til medarbeidarane i prosjektperioden. Føresette og elevar har også kome med innspel til modellen. BTI skal vera kjend for alle tilsette nå som modellen nå blir sett i drift.

Prosjektet blir avslutta i 2020, og BTI går over i driftsfasen. BTI er ein samhandlingsmodell som vil bli vidareutvikla og forbetra kontinuerleg, etterkvart som me gjer oss erfaringar. Me ber derfor om tilbakemelding frå føresette som har gode forbetringsforslag.

Sauda kommune 01.09.20                                                                                                            Med vennleg helsing

Jill Merete Bergsbakk, prosjektleiar BTI                              Camilla Eikevik, prosjektmedarbeidar BTI Målfrid Selvik Årthun, koordinator BTI

 

En film som informerer om BTI (bedre tverrfalglig innsats)